Den tradisjonelle bøyinga av tenkje, blenkje og krenkje er slik:
tenkje – tenkjer – tenkte – har tenkt
blenkje – blenkje – blenkte – har blenkt
krenkje – krenkjer – krenkte – har krenkt
Dette er såkalla e-verb; dei har ikkje nokon a i bøyingsendingane (bortsett frå dei valfrie infinitivsformene å tenkja osb.).
J-en er valfri, men ikkje bøyingsmåten. «Har *krenkja», som ein stundom ser, er altså heilt gale. Skal ein fyrst bøye dette verbet gale, er det betre å skrive «har krenka». Då bøyer ein det på same måte som å senke:
senke – senker – senka – har senka
Somme blandar inn ein j i bøyinga av senke. Det er òg heilt gale. Skal ein bruke j, må ein halde seg til den tradisjonelle varianten av ordet i nynorsk, altså å søkkje:
søkkje – søkkjer – søkkte – har søkkt
(Merk at søkke – søkk – sokk – har sokke tyder noko anna. Det svarer til bokmål synke.)
To ord som faktisk skal bøyast med både j og a, er å lenkje og å benkje:
lenkje – lenkjar – lenkja – har lenkja
benkje – benkjar – benkja – har benkja
Dette «avviket» heng saman med at verba er avleidde av substantiv (ei lenkje og ein benk). J-en er valfri i desse verba òg, men ein bør velje same løysing i verbet som i substantivet (altså t.d. ei lenkje – å lenkje).
Det finst ein eldre variant av verbet å lenkje. Det er eit e-verb:
lekkje – lekkjer – lekte – har lekt
Jamfør til dømes det meir kjende verbet
tekkje – tekkjer – tekte – har tekt
Fortidsformene av å lekkje kan sjå løgne ut for den som er mest van med bokmål, men hugs at bokmål lekte = nynorsk leika. Skriv ein å lekkje, bør ein helst bruke substantivet ei lekkje i staden for ei lenkje.