Inn av det eine øyret

I Nynorskordboka finn ein uttrykket «gå inn av det eine øyret og ut av det andre». Bokmålsordboka har likeins «… inn av det ene øret …». Denne bruken av «av» i fyrste delen av uttrykket verkar rar. Det bør vel heita «inn gjennom det eine øyret»?

Svar

Det som står i ordboka stemmer, men du har jo rett i at det er rart. Du kan gjerne sløyfa «av».

Det er ikkje sjeldan at faste uttrykk inneheld stivna ordbruk som snautt finst i daglegspråket elles. I Nynorskordboka står det at preposisjonen av blir brukt i visse uttrykk som omtolking av opphavleg norrønt at eller dansk ad. Døme på dette er uttrykka «gå inn av døra» (= ‘inn gjennom døra’) og «le av nokon» (= ‘mot, til’)

På dansk heiter det «gå ind ad det ene øre og ud af/ad det andet», og varianten med «ad» var vel så mykje brukt som den andre i dansk-norsk på slutten av 1800-talet. Men alt i 1885 gjekk Kristofer Janson føre med eit logisk eksempel og skreiv kort og godt «… ind det ene øre …». Så du kan trygt skrive «gå inn det eine øyret og ut (eller ut or) det andre». 

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:18.04.2017 | Oppdatert:26.04.2024