Kreti og pleti

Kven er eigentleg kreti og pleti?

Svar

Som Ordbog over det danske Sprog fortel, kjem både kreti og pleti frå Det gamle testamentet, altså frå hebraisk:

(efter 2Sam. 8.18, 15.18 og 20.23) om kong Davids livvagt (alm. tydet som «kretere (folk fra øen Kreta) og filistre»); brugt alm. (ofte lidt nedsættende) som betegnelse for alle slags folk

Bibelomsetjingane på 1900-talet nøgde seg med å vise til «livvakta», men i 2011 kom kretarane og pletarane inn. Pletarar er ikkje omtalt nokon annan stad i litteraturen.

I ODS finn vi elles dette talande dømet: «For slig en Himmel vil jeg mig betakke, / Hvor Crethi og hvor Plethi tages op.» (Adam Homo av Fr. Paludan-Müller)

Dette er altså ikkje personnamn, og den rette skrivemåten i dag er med små forbokstavar. Vil vi bruke store, får vi heller skrive Per og Pål, som er to alen til av same stykke.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:24.04.2024