Medlemskap eller medlemsskap?

Skal ein skrive medlemskap eller medlemsskap? Det heiter jo medlemsland, så då må det vel bli medlemsskap?

Svar

Nei, det heiter medlemskap, altså utan nokon ekstra s (binde-s).

Medlemsland er ei samansetning av to sjølvstendige ord: medlem + land. Samansetningar får ofte binde-s, og alltid når medlem er førsteledd.

Medlemskap er derimot ikkje ei samansetning av to sjølvstendige ord, for skap kan ikkje stå på eigne bein. Skap i denne tydinga er berre eit såkalla suffiks, som -het og -else. Når vi legg til eit suffiks, heiter det avleiing. Avleiingar får ikkje automatisk den binde-s-en som samansetningar med same fyrsteledd får.  

Somme lurer på kvifor det «likevel» heiter fellesskap med to s-ar. Svaret er at vi ikkje har nokon binde-s her heller, men dei to ledda felles- og -skap. Rett nok kjem felles historisk sett av felle (eldre félagi) pluss genitivs-s, men i dag reknar ein felles som eit sjølvstendig ord.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:16.04.2024