Prosentteikn og mellomrom

Skal ein skrive 25 % eller 25%? Kan ein forresten skrive mellom 25 og 30 %, eller må ein setje inn prosentteiknet etter begge tala?

Svar

Det rette er 25 %, med mellomrom mellom sifferet og prosentteiknet.

Det blir som når ein skriv prosent med bokstavar eller med forkortinga «pst.».

Bruk gjerne det som heiter hardt eller fast mellomrom, så skil ikkje talet og teiknet lag ved linjeskift.

Du kan skrive mellom 25 og 30 % , slik du ville ha skrive mellom 25 og 30 prosent, men det er òg rett å skrive prosentteiknet to gonger.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:24.02.2024