Forfordele

Kva tyder forfordele? Er det å gje nokon for lite eller å gje nokon for mykje?

Svar

Tradisjonelt tyder forfordele å gje nokon for lite eller gjere urett mot dei på anna vis. Det er altså det motsette av å favorisere. Vi tilrår å bruke ordet i den tradisjonelle tydinga eller å velje andre ord.

Fleire og fleire bruker det i staden om å favorisere, og denne tydinga er nyleg komen inn i norske og danske ordbøker. Den nye tydinga kan verke meir logisk, men den gamle tydinga må likevel reknast som den rettaste; ho er framleis heilt dominerande i juridisk språk og gjennomarbeidd sakprosa.

Kva skal ein gjere med ordet?

Same kva ein legg i ordet, er det mange som vil tolke det motsett. Ordet er i ferd med å bli eit såkalla pendelord

Når den nye tydinga er komen inn i ordbøkene, er det fordi ordbøkene er nøydde til beskrive utbreidd faktisk bruk av orda. Meininga er altså ikkje å skifte den gamle tydinga ut med den nye.

Språkrådet rår ikkje frå å bruke eit ord berre fordi nokon mistyder det. Til dømes bør ordet bjørneteneste nyttast i same tyding som før, både fordi vi manglar ei god erstatning, og fordi det er lett å hugse historia bak ordet (bjørnen som slår ei fluge på panna til herren). Det er diverre ikkje like lett å hugse bakgrunnen for forfordele, men det er ikkje noko argument for å la det skure. Ordet er for viktig til det. Skal ordet brukast, bør det vere i den tradisjonelle tydinga. 

På den andre sida er det nokså optimistisk å tru at alle kan lære å bruke det rett att. Det tryggaste er ofte å bruke ei formulering alle forstår. Kan det uttrykkjast med «få/gje mindre enn», er ingenting betre enn det. Det er no vanleg å bruke skeivfordeling om sjølve fordelinga, men formuleringa «å skeivfordele nokon» gjev ikkje god meining; ein kan skeivfordele ein arv, men ikkje arvingane. (Før kunne det forresten heite å misbyte på nynorsk, jamfør landssviklova frå 1947.) 

Kva kjem det av?

Forfordele har kome inn i norsk og dei andre skandinaviske språka frå lågtysk, der det heitte vorvordelen. Førestavinga for- har ulike tydingar i norsk, som ‘altfor’, ‘føre’ (i tid og rom) og ‘pro’, altså ‘til fordel/føremon for’. Når for- i desse tydingane blir kopla til verbet å fordele, blir resultatet gjerne positivt, så det er ikkje rart at ordet har vorte mistydd.

Men opphavet til forfordele ligg ikkje i ei slik kopling. For- i forfordele har opphavleg ei tyding som kan omsetjast med ‘bort frå’, og resten av ordet er fyrst seinare blitt påverka av verbet å fordele. Opphavleg hang forfordele nærare saman med substantivet fordel ‘føremon’, og bort frå fordel er jo klårt negativt. 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:23.04.2024