For tida skriv eg ei bok med mykje sitat frå aviser. Er det nok at eg kursiverer den teksta som er sitat, eller må eg ha sitatteikn i tillegg?
Svar
Ein skal helst ikkje bruke kursiv og hermeteikn på ein gong. Du bør her halde deg til hermeteikn og sløyfe kursiven.