Starte opp og stoppe opp

Kva er skilnaden mellom «å starte» og «å starte opp»? Er «opp» nødvendig? Og kva med «å stoppe opp»?

Svar

Oftast er det nok med å starte og å stoppe. Starte opp kan ein langt på veg greie seg utan, medan oppstart ikkje berre kan skiftast ut med start. Og stoppe opp inneheld ein nyanse som ofte er verd å få fram.

Starte

Noko kan starte av seg sjølv (x startar), og nokon kan starte noko (NN startar x). Det fyrste er såkalla intransitiv bruk, det andre er transitiv bruk, det vil seie at verbet tek objekt. Opp er vanlegare i transitiv tyding enn i intransitiv: Setninga (han eller ho) starta opp motoren er relativt vanlegare enn motoren starta opp. Men obligatorisk er ikkje opp i noko tilfelle.

Ein semantisk grunn til å velje opp kan vere at det gjev ei kjensle av ekstra sats. Rytmen i setninga kan òg kalle på ei ekstra staving somme tider. Elles vil nok generell engelskpåverknad fremje varianten med opp.

Auken i bruken av starte opp heng òg saman med at substantivet oppstart er på frammarsj (sjå grafar til slutt nedanfor). I ein del tilfelle verkar start av eller noko ikkje heilt dekkjande for oppstart. Oppstart har langt på veg trengt ut det tradisjonelle igangsetjing i mange uttrykk, til dømes i kombinasjon med prosjekt og reguleringsarbeid

Mange spør om det er god språkbruk å seie «verksemda startar opp igjen til hausten», og då svarar vi gjerne at det er nok med startar, og at det framleis er råd å bruke meir tradisjonelle uttrykk, som byrjar/begynner, tar til og blir sett i gang. Uttrykk som «med oppstart i haust» kan vere vanskelege å tolke: Er det noko nytt som blir sett i gang, eller noko gammalt som tek til att? Men uttrykket er opplagt kome for å bli.

Stoppe

Verbet stoppe kan òg vere både intransitivt og transitivt, men her ser vi nesten det motsette av tilfellet ovanfor, altså at opp blir brukt mest intransitivt (altså utan objekt): «Ho stoppa opp og såg seg ikring.» (Transitivt derimot: «Ho stoppa maskinen.») I moderne norsk blir uttrykket stoppe opp dessutan helst brukt om opphald, små pausar, ikkje om endeleg stans. Det viser gjerne til noko spontant – jamfør at ein ikkje godt kan seie «stopp opp» til nokon som arbeider, eller «Eg har tenkt å stoppe opp om ein time». (Særleg blant born blir «stopp opp» brukt i staden for «hald opp», men det er ei anna sak.) 

Det kan altså vere litt meir «sakleg» grunnlag for «å stoppe opp» enn for «å starte opp». Men òg i dette tilfellet kan det vere lydlege eller rytmiske grunnar til at folk vel varianten med opp

Når starta det?

Å stoppe opp er så gammalt i litteraturen at det ikkje er verdt å leite etter opphavet.

Starte i tydinga ‘byrje’ (begynne) er eit lån frå engelsk start. Ordet er rett nok i slekt med eit eldre norsk verb starte, som heng saman med sterte, sturte og styrte. Dei sistnemnde orda viser til noko brått, og det heng att noko av det i importordet starte, som er nesten einerådande om igangsetjing av idrettstevlingar. Men det bråe er stort sett borte no – det heiter til og med treg start! Start blir brukt på stendig fleire område, og for mange er det nok vorte heilt dekkjande for bokmål begynnelse og nynorsk byrjing, utan omsyn til måten.

Uttrykket starte opp er snautt 110 år gammalt i skrift. Til å byrje med (i starten!) handla det mest om oppstart av anlegg, motorar og andre nye tekniske vedunder. Elektrisk straum var ofte inne i biletet. Verbet starte utan opp er ikkje veldig mykje eldre, og det vart i byrjinga mest brukt om å setje i gang verksemder og forretningar eller å leggje ut på ekspedisjonar og reiser, ikkje minst med nye framkomstmiddel som flygemaskinar. Substantivet start vart mykje brukt for avreise, og ikkje minst vart det sentralt i sportsspråket, jf. startskot.

Eit søk i digitaliserte tekstar hos Nasjonalbiblioteket viser dette om den relative utbreiinga av transitivt starte (opp) og to synonym i norske avisspalter:

 

Det er ikkje så lett å sjå, men varianten med opp har hatt ei tidobling sidan 1960, medan varianten utan har hatt ei tredobling. Her er eit døme på utviklinga av den intransitive bruken (utan opp):

 

 

Til slutt to utklipp som syner tevlinga mellom oppstart og synonyme substantiv:

 

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:01.03.2018 | Oppdatert:25.04.2024