Samsvarsbøying i nynorsk: svake partisipp

Kan de forklare korleis ein bøyer partisipp, altså t.d. å vere dømd eller bygd? Korleis bruker ein dømt, dømde o.l. rett?

Svar

Der vi har veksling mellom -t, -d, og -de i partisipp, er systemet slik:

Inkjekjønn eintal: T
(som etter hjelpeverbet har)

det er dømt
huset er bygt

Hankjønn/hokjønn eintal: D
(som fleirtal minus -e)

ho eller han er dømd
kyrkja
eller låven er bygd

Fleirtal: DE
(som i preteritum av verbet)

dei er dømde
husa er bygde

Mønsteret ovanfor skal òg nyttast når partisippet står føre substantiv, som her:

eit dømt menneske
ein dømd mann / ei dømd kone

fleire dømde menneske

Kva skal ein ta utgangspunkt i?

Eit lurt knep er å ta utgangspunkt i sjølve verbbøyinga (infintitiv – presens – preteritum – perfektum). Kan du den, kan du i grunnen samsvarsbøying av partisipp. Sjå her, og legg merke til fortidsformene:

å dømme − dømmer − dømdehar dømt

Sjå fyrst på dømde, som er den tradisjonelle preteritumsforma. Den er tilfeldigivs identisk med fleirtalspartisippet:

Altså: Dei er dømde.

Her står e-en altså for fleirtal.

Sjå deretter på den siste forma i rekkja: perfektum har dømt. Perfektum-forma er alltid identisk med inkjekjønnspartisippet!

Altså: Det er dømt.

Til slutt finn vi partisippet i hankjønn og hokjønn. Metoden er å trekkje frå fleirtals-e-en (eller preteritums-e-en).

Altså: Han er dømd og Ho er dømd.

 No kan ein rett nok velje å skrive dømte i preteritum. Då bruker ein berre -t og ikkje -d ovanfor.

Verb med -dde, -vde og -gde i preteritum (som dømme eller berre ­-­d)

Så ser vi på den undergruppa som har -dde, -vde eller -gde i preteritum etter vokal. Dersom vi vel -t i perfektum, får vi nett same systemet som med å dømme:

 å byggje – byggjer – bygde har bygt

det er bygt – han/ho er bygd – dei er bygde

No kan slike verb valfritt ha d-former etter har (har bygd, har levd, har snudd). Vel ein dei, blir det berre d-ar og ingen t-ar i samsvarsbøyinga ovanfor.

Alternativ: forenkla bøying (om lag som i bokmål)

Det er òg mogleg å sløyfe samsvarsbøyinga. Det lyt då gjerast fullt ut, og alle formene skal vere som partisippforma etter har

dømde/dømte − har dømt > det/han/ho/dei er dømt
bygde − har bygd (bygt) > det/han/ho/dei er bygd (el. bygt)

Det blir her som i bokmål. Har bygt er sett i parentes fordi dei fleste som skriv har bygt, nyttar tradisjonell samsvarsbøying.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:18.04.2024