Brønnpissar

Kven var det som fyrst skreiv om «brønnpissarane»? 

Svar

Det var forfattaren Sigbjørn Hølmebakk som i  Dagbladet 5.1.1961 tok ordet brønnpissar i bruk i samfunnsordskiftet for å kritisere ein norsk avart av mccarthyisme

Det handlar om å ureine det felles drikkevatnet, i overført tyding å forgifte dei åndelege livskjeldene eller meir konkret: å grise til eit ordskifte med skjulte/falske skuldingar.

Det fyrste dømet på brønnpissar («brønnpisser») i den norske bokheimen finn vi i ei Laxness-omsetjing av Ivar Eskeland frå 1958.

Ordet er i grunnen det same som det norrøne brunnmigi, som i denne sagaomsetjinga frå 1917 omsett med brunnmige. Ordet vart nytta anten om rev eller om tussar som ein såg der ein henta vatn.

Meir om Hølmebakks brønnpissar

Andreas Hompland fortel dette i Dag og Tid 4.2.2022:

Det var ein gong ein kar i dalstroka innafor kysten Lindesnes–Åna-Sira som hadde ein slem «tilbøyelighed»: I mulm og mørke sneik han seg rundt og pissa i brønnane til godtfolk. Det var ei plage året rundt, men særleg om sommaren når det var lite vatn, for då stinka det stygt hos dei som blei ramma.

Det var ikkje fritt for at folk flest hadde sine mistankar om kven som stod bak desse mørkets gjerningar og skapte uhygge i bygda. Men temaet var så ekkelt at dei helst ikkje snakka om det, for pisslukta smitta liksom over på dei uskuldige offera. Om det blei ymta frampå om det ufyselege utanfor handelslaget eller på kyrkjebakken, var den mistenkte alltid først ute med kraftig fordømming av rykte og griseprat. Midt i svineriet var han eit normalt omgjengeleg og akta bygdemenneske. Det tryggaste var å smiska med han i von om å få vera i fred.

Den formastelege blei ikkje stempla og uskadeleggjord før ein fyllik reiste seg opp på ein bedehusbasar, peika på han og ropte med drukken røyst: «Brønnpissar!»

SIGBJØRN HØLMEBAKK (2.2.22–25.11.81) løfta denne bygdehistoria frå Feda inn i det offentlege rommet (Dagbladet 5. januar 1961) som metafor for ein mistenksam og tilgrisa overvakingspolitikk i Gerhardsens tid. [...]

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:19.10.2017 | Oppdatert:22.04.2024