Grunna og grunnet

Kan eg skriva grunna i staden for på grunn av eller fordi? Eg finn ikkje den bruken av ordet i nynorskordbøkene mine.

Svar
Grammatisk er det ikkje noko i vegen for å skriva «grunna det og det», og det er ikkje utenkjeleg at dette uttrykket kjem til å dukka opp i Nynorskordboka. Men det er ein grunn til at det ikkje har vore oppført før: Det skriv seg ikkje frå dialektane, og det har difor vore lite brukt i gjennomarbeidd nynorsk.
 
Nedanfor omtalar vi ordet som eit bokmålsord (grunnet).

Stutt, men likevel stivt

Grunnet er ikkje gammalt kansellispråk, men snarare moderne kontoristspråk (frå slutten av 1800-talet). Det kan verka både praktisk og talemålsnært fordi det er kortare enn alternativet på grunn av. Vi merkar gjerne ikkje kor stivt ordet er, før vi set det inn i ei kvardagsleg munnleg ytring. Døme på bokmål: 
  • Stengt grunnet sykdom.
  • I dag blir jeg borte grunnet forkjølelse.
  • Jeg stikker en tur i butikken grunnet at vi snart er tomme for melk.
Det fyrste dømet er lite påfallande, men dei to andre er klåre stilbrot med svulstige overtonar. Grunnet er altså svært formelt, og blir helst brukt av institusjonar. Når privatpersonar brukar det, handlar det sjeldan om noko i deira eige liv. 
 
Stilidealet i nynorsk er å bruka same slags formuleringar i administrasjonsspråket som i kvardagspråket, der kvardagsspråket er dekkjande. Dette gjeld sjølvsagt ikkje fagterminologi, men grunna er ikkje ein fagterm, det er snarare eit bindeord. I vanleg norsk talemål har ein alltid greidd seg med på grunn av
 
Merkeleg nok vart grunnet mest brukt i dei tiåra då talemålstrekk for alvor braut seg fram i skriftmålet, i fyrste helvta av 1900-talet. Men merk at ordet er som skapt for telegramstil. Ordet er ikkje så mykje brukt som før i skriftmålet.

Alternativ

Det siste dømet ovanfor inneheld formuleringa grunnet at. Her er ikkje på grunn av at det beste alternativet. Det greiaste er å skriva fordi. Vi tilrår desse løysingane på nynorsk:

  • Stengt på grunn av sjukdom.
  • I dag blir eg borte på grunn av forkjøling / fordi eg er forkjølt.
  • Eg stikk ein tur i butikken fordi vi snart er tomme for mjølk.

Eit mindre godt alternativ er då/da. Det kan òg kallast stutt og stivt.

Språkleg snarveg

Nokre ord om tydinga til slutt: Setningar med grunnet er litt vanskelege å analysera reint logisk. Det er som om det manglar ein preposisjon («i» eller «på») etter ordet. Grunnet kan synast å gje best bokstavleg meining der det kan tolkast om lag som «begrunnet med», jamfør «Ho sa opp grunna …». Men ved nærare ettersyn går det ikkje heilt opp det heller. Grunnet må nok reknast som ein språkleg snarveg i både norsk og dansk, som vi kanskje har uttrykksmåten frå (jf. supplementet på botnen av denne artikkelen i Ordbog over det danske Sprog).

Snarvegar kan vera gode å ty til, men nett denne trengst i grunnen ikkje i nynorsk.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:28.04.2023 | Oppdatert:18.04.2024