Skambein og skamlepper

Er det ikkje på tide å bli kvitt orda skambein og skamlepper? Kanskje det bør heita lystbein og lystlepper i staden?

Svar

Det kan og bør kallast underlivsbein og kjønnslepper. Blomstrande nemningar som lystbein og lystlepper kan gjerne reserverast for lyrikk og erotikk.

No bør ikkje gamle ord skiftast ut berre fordi dei ikkje er heilt logiske, eller fordi vi ville valt noko anna om vi skulle starta på nytt i dag. Språk og kommunikasjon er i stor grad basert på at vi ikkje startar frå grunnen av, men byggjer på det kjende.

Dersom eit ord har sterkt negative konnotasjonar som opplagt råkar meir eller mindre utsette grupper, og det finst eit praktisk alternativ som er lett å læra, bør ein likevel vurdera alternativet. Slik er det med skambein og skamlepper. Visst er det kulturhistorisk interessante ord, men det gjer dei ikkje automatisk verneverdige.

Desse to orda har vi frå det språklege hopehavet med dansk, der det har heitt skamben og skamlæber. Skam er eit gammalt dansk ord for (særleg kvinnelege) kjønnsdelar (sjå tyding 1.4 her). Noko skam-ord av dette slaget finst det ikkje spor av i særnorsk tradisjon. (Derimot har konstruksjonen nårebein såvidt vore brukt i skrift, jf. det gamle ordet nåre ‘lårkrik, overgang mellom lår og underliv’.)

Danskane går over til kønslæber for tida, men vi har kome lenger. Ordet kjønnslepper er innarbeidd i norsk. Det er stutt og greitt og nesten sjølvforklarande.

Alternativet til skambein er ikkje like stutt, men klårt og godt: Ordet underlivsbein vart lansert i Menneskeorganismen (1919) av K.E. og Alette Schreiner, sjå utklipp nedanfor.

Ordet har lenge stått i ordbøkene. Her er oppslaget i Medisinsk ordbok av Magne Nylenna (på ordnett.no):

Språkrådet meiner underlivsbein er greitt, og vel så råkande som kjønnsbein, som òg har vore lansert. Ein grundigare artikkel om emnet, med den motsette konklusjonen, står i Tidsskrift for Den norske legeforening.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:18.01.2018 | Oppdatert:15.04.2024