Quebec by, provinsen Quebec

Korleis skal ein på norsk skilje mellom byen og provinsen Quebec i Canada? Ein bør vel ikkje nytte det engelske Quebec City om byen?

Svar

På norsk kan ein seie Quebec by og t.d. provinsen Quebec dersom det er nødvendig å presisere.

I den kanadiske provinsen Quebec taler majoriteten fransk, og fransk er det einaste offisielle språket. Her er det ingen grunn til å nytte engelske namneformer som Quebec City.

lista over utanlandske stadnamn på nettsidene våre står det til samanlikning slik om Mexico:

Mexico stat i Amerika
Mexico delstat i Mexico
Mexico el. Mexico by hovudstaden i Mexico

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:23.04.2024