Kløyvd infinitiv

Kva er kløyvd infinitiv, eigentleg? Kan ein framleis nytta det i skrift? Kvar finn eg opplysningar om kva verb som skal ha a-ending i dette systemet?

Svar

Det finst tre måtar å handtera infinitivsendingar på i nynorsk: 1) gjennomført a-infinitiv, 2) gjennomført e-infinitiv og 3) kløyvd infinitiv. Det siste vil seia at infinitivane er delte (kløyvde) i to grupper – e-infinitivar og a-infinitivar – etter visse reglar. Dei tre systema kan ikkje kombinerast.

Kløyvd infinitiv er ein særskild historisk framvaksen kombinasjon av a- og e-former (døme: å vera, men å finne), sjå «Historisk bakgrunn» nedanfor. Systemet er ikkje forklart i ei handvending, så ein må ta seg litt tid og setja ned lesefarten. 

Ein artikkel om kløyvd infinitiv i skriftnormalane finn du på nettsidene til Språkrådet. Ei anna utgreiing står i Ny rettskriving for 2000-talet, kapittel 3.4.1 Infinitiv.

Ei liste med dei verba som skal ha a-infinitiv, er sett inn heilt til slutt nedanfor.

Stillinga i skriftnormalane

Bokmål har no berre e-infinitiv. Kløyvd inifinitiv var sideform (altså ikkje til bruk i lærebøker eller i statstenesta) i bokmål frå 1938 til 2005. I nynorsk vart kløyvd infinitiv nytta (med ein slags sideformstatus) fram til 1938, då det vart jamstilt form. I 1959 vart det sideform, og i 2012 vart det jamstilt att. 

Det geografiske grunnlaget

Kløyvd infinitiv er eit austnorsk målmerke med grunnlag i gamalnorsk. Det aller meste av Austlandet, jamvel Oslo, har til nyleg hatt mykje kløyvd infinitiv, og restar av systemet finst framleis i folkeleg oslomål (jf. vær(r)a og gjør(r)a).

Det historiske grunnlaget (OBS: krev konsentrasjon!)

I gamalnorsk hadde verb a-infinitiv. Rotvokalen (vokalen inni ordet) var anten stutt (som i-en i lifa ‘leva’) eller lang (som i skrífa ‘skriva’). Som du ser, er lang vokal markert med aksent.

Langstava verb er verb med lang vokal, dobbel konsonant eller begge delar. I slike verb vart endinga etter gamalnorsk tid redusert til -e i austnorsk.  I trøndersk forsvann han heilt (såkalla apokope). Stuttstava verb hadde etter måten mindre tyngd i rota og dermed meir jamvekt mellom stavingane. I desse stuttstava jamvektsorda heldt a-endinga frå gamalnorsk seg.

Sidan har vi hatt ei såkalla kvantitetsomlegging, som stutt sagt inneber at alle verb i moderne norsk er langstava (har lang rotstaving). Etter denne omlegginga kan uttalen av rota (altså lengda) ikkje lenger fortelja oss om eit verb skal ha a- eller e-infinitiv.

Nokre knaggar

Det er tre vegar til å læra kløyvd infinitiv skikkeleg: 1) kjennskap til eit austlandsmålføre (med visse justeringar), 2) kunnskap om skrivemåten i gamalnorsk, 3) ei liste med verba som skal ha a-infinitiv (sjå til slutt nedenfor).

Ein fjerde framveg, som ikkje fører heilt i mål, er å granska vokalane og konsonantane føre endinga. Her er likevel nokre tommelfingerreglar som hjelper ein til å skilja mellom ordtypane:

A-ending finn vi særleg i gamle heimlege verb som i nynorsk kan skrivast med a, eller open o (med å/ø-uttale) + éin konsonant føre endinga. Vi kan leggja til i-ar av det slaget som blir til e i mange dialektar («open i»), og u-ar med utbreidd o-uttale («open u»). 

Det gjeld altså desse vokalane føre enkel konsonant:

a: laga, aka, mata, fara, hata, gala, skapa 
e: bera, drepagjeraeta, lesa, leva, sela, skjera, spelavera, veta (= vita)
o med å/ø-uttale: bora, lova, koma (og dermed komma), moka, skoda, sova, tola
open i og open u: vitaskipa; duna, muna

Fleire døme finn du i lista til slutt. (Ingen av orda på lista har utbreidd trong uttale av i, e, u eller o.) 

Verb med ein enkelt konsonant + j rett føre endinga får tradisjonelt helst -a:

byrja, delja, fremja, lepja, remja, selja, sitja, setja, skilja, spørja; dessutan seia og teia

Dette gjeld ikkje alle dialektar med kløyvd infinitiv, men ein bør halda seg til lista.

To konsonantar føre j-en gir e-infinitiv:

byggje, syngje, leggje, liggje, trekkje osv.

Men liggje og leggje blir mange stader liggja og leggja, truleg etter mønster frå sitja og setja.

Liste frå «Ny rettskriving for 2000-talet»

Lista er ikkje fullkomen. Mellom anna vantar leva og vitja – som skal ha a-ending. Det vantar òg fleire samansette verb. Samansette verb (som fortelja) får same ending som det usamansette verbet.



 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:30.08.2018 | Oppdatert:18.04.2024