Kronologisk, ikkje-kronologisk, omvendt kronologisk

I samband med eit systematiseringsarbeid ordnar eg stoffet i omvend kronologisk rekkjefølgje. Eg nyttar f.eks. ein ringperm der det nyaste står først. Kva er ordet for denne sorteringsmåten? Omvend kronologisk eller ikkje-kronologisk?

Svar

Det må beint fram bli det du sjølv skriv: omvend kronologisk rekkjefølgje.

I Nynorskordboka finn vi kronologisk forklart med ‘som gjeld kronologi, som samsvarer med tidsfølgja’. I ei trong tyding av ordet er kronologi tidsfølgje framover, altså den vegen sjølve tida går. Men i vidare tyding er kronologi tidssamanheng i det heile. Omvendt kronologisk er litt ulogisk anten ein legg den eine eller andre tydinga til grunn, men det er ein heilt innarbeidd og i røynda eintydig uttrykksmåte.

Ikkje-kronologisk bør reserverast for noko anna, nemleg alt som ikkje ordnar den eine eller andre vegen langs tidslina.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:18.04.2024