Islamisering og islamofobi

Blir samfunnet islamisert? Og er dei som hevdar at det blir det, islamofobe?

 

Svar

Dette er spørsmål som andre enn Språkrådet må svara på, men vi kan seia noko om skrivemåten av desse orda.

Somme spør om det heiter islamisere eller islamifisere. I ordbøkene står det berre islamisere. Ordet islam kjem frå arabisk, mens etterfestet -isere kjem frå gresk -izein, som på latin blei til -izare. Etterfestet har vore vanleg i verb med ei opphavleg gresk ordstamme – som tyrannisere, karakterisere, idyllisere. I dag er -isere blitt svært produktivt og kan setjast saman med ordstammer av ulikt opphav. Mange av verba har eit tilhøyrande substantiv med suffikset -isme, som òg har røter i gresk. Døme på slike ordpar er amerikanisere og amerikanisme og islamisere og islamisme.

Jamvel om islamifisere ikkje står i ordbøkene, har vi ein del andre ord som endar på -(i)fisere: kvantifisere, verifisere. Førsteleddet i desse orda kjem frå latin og har fått med seg -(i)fisere derifrå.

Kva med islamofobi? Dette ordet står ikkje i Bokmålsordboka eller Nynorskordboka, men ordet er openbert danna etter mønster av andre fobiar, som aerofobi og xenofobi. Desse orda er også rein gresk, og på gresk dukkar det gjerne opp ein binde-o i slike samansetjingar. Dette har smitta over på ord med ikkje-greske element. Det same ser vi i andre ord med greske etterfeste, til dømes islamologi og islamolog.

Sidan både islam og fobi er sjølvstendige ord på norsk, ser vi stundom den meir regelrette samansetjinga islamfobi utan -o-. Det er ikkje noko gale med den. Men det verkar mest naturleg å ha med o-en i både islamofobisk og islamofob, og det talar for å skriva islamofobi òg.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:21.12.2022 | Oppdatert:23.04.2024