Ugler i mosen
Stemmer det at uttrykket ugler i mosen (altså ‘noko mistenkeleg’) botnar i ei mistyding?
Ja, her er det visst som i serien Twin Peaks: The owls are not what they seem! Det opphavlege uttrykket i dansk tyder det same som ulvar i myra, for dansk mose = norsk myr.
I dansk har det seinast tidleg på 1700-talet skjedd eit samanfall i nokre dialektar, slik at dei har sagt ulle(r) for både ulvar og ugler. Då den konkrete ulven så vart utrydda seinare på 1700-talet, vart han mindre aktuell i uttrykket òg. Ein kunne like gjerne setja inn ein g som ein v. (Likevel overlevde ulve lenge dialektalt på Jylland.)
Vi har overteke eit dansk uttrykk utan å forstå det heilt, men det høver jo godt, sidan uttrykket nettopp viser til noko mystisk. Det er vel ikkje så mange som forstår muffens heller.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).