Nødt FOR og nøydd FOR? Eller TIL?

Fleire og fleire skriv nøydd for i staden for nøydd til. Kva bør ein bruka?

Svar

Nøydd til (og bokmål nødt til) er det tryggaste valet i skrift, det vil seia det mest nøytrale.

Varianten nødt for kom inn i litteraturen frå talemålet for litt over hundre år sidan, fyrst i lokalaviser, så i romanar, særleg i replikkar.

Nødt for dukkar opp i eldre kjelder frå både Trondheim, Bergen og området rundt Oslofjorden. I nynorsk kjem varianten med for til syne seinare enn i riksmål/bokmål, og han held seg lenge mest i sørvest. Mykje tyder på at han har storparten av røtene sine i norsk bymål.

Før år 2020 nemnde Bokmålsordboka berre nødt til, men no har for kome med. Nynorskordboka har lenge hatt begge variantar i tillegg til berre nøydd å (litt avhengig av samanhengen). Det Norske Akademis ordbok har med nødt for, men stemplar det som «dialektalt». Norsk Ordbok, som har med mykje tilfang frå talemålet, nemner både nøydd om, nøydd for og nøydd til

I eldre nynorskordbøker finn vi berre nøydd om og nøydd til. Det er desse variantane som har vore dei vanlegaste i tradisjonelt bygdemål. I tillegg har vi altså det snaue nøydd å – og dialektalt på Vestlandet nøydd te, særleg dei stadene der å tradisjonelt heiter te.

Uttrykket heng saman med seiemåten å nøyda nokon til noko, der nøyda tyder ‘tvinga’. 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:04.12.2019 | Oppdatert:22.04.2024