Enda sintare, enda meir?

Er det rett med enda/endå eller enno framfor ord i komparativ?

Svar

Språkrådet tilrår enda/endå, ikkje enno, framfor ord i komparativ (som sintare og meir nedanfor):

Han blei enda/endå sintare.
Ho ville drikke enda/endå meir.

Dette handlar om gradar. Ein kan difor laga seg ein hugseregel med grad + enda/endå, til dømes med å framheva d-en:

enDa/enDå + graD

Det heiter òg enda/endå i samband som

enda/endå ein gong (= ein gong til) 

Vi brukar dessutan enda/endå for sjølv om:

Enda/endå ho var sjuk, stod ho opp

Opphavet til endå er fyrst og fremst gammalnorsk enn + þá ‘då’, men i tydinga rett ovanfor er opphavet enn + þó ‘likevel’.

Før i tida nøgde ein forresten seg ofte med enn i fleire tydingar av desse orda.

Kva med enno?

Skrivemåten enno reserverer vi for tidsadverbet. Opphavet er gammalnorsk enn + nú ‘framleis no’. Tenk på enno som ‘framleis’, anten det gjeld før (strengt teke ), no eller i framtida, slik:

Dei levde enno for tre år sidan.
Fiskebilen er enno ikke komen.
Om to veker er det enno ikkje for seint.

Det er mange som likevel brukar endå/enda her, særleg om fortid, og dette har vore formelt godteke sidan 1991. Det er lenge sidan enno og endå som tidsadverb vart rota saman i talemålet til folk flest, om det nokon gong har funnest eit allmenngyldig skilje.

Ikkje alle likar at begge delar er tillate. Men sett med tradisjonstru augo må både enno og enda/endå i tidstyding vera betre enn fortsatt, som er i ferd med å ta heilt over for begge delar. (Denne utviklinga kan ein studera nærmare med å jamføra bibelomsetjingane på www.bibelen.no.)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:24.02.2024