Stopp en hal!
Heiter det stopp ein hal, stopp ein halv, stopp en hal eller stopp en halv? Eg har sett alt mogleg. Kva kjem dette uttrykket av?
Skriv helst stopp en hal i begge målformer.
Stopp en hal er opphavleg eit austnorsk sjømannsuttrykk som ifølgje fleire ordbøker er basert på det engelske stop and haul ‘stans med å hale’. Den vanlege tydinga i dag er ‘vent no litt’.
I engelsk kan and ‘og’ fungera underordnande i formuleringar som try and og stop and. Jamfør slike ubestemmelege doble imperativar i norsk uformelt talemål: «slutt og/å tull».
Det er godt mogleg at ordlaget snarare kjem av eldre nederlandsk stop en haal, og då kanskje i tydinga ‘stopp og (så) hal’, utan at det bør ha noko å seia for den norske skrivemåten.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).