Prank (prænk) og practical joke

Opp gjennom åra har eg høyrt særleg byfolk tala om practical jokes, som om det var eit reint engelsk fenomen. No snakkar dei unge om prank, som om det var eit heilt nytt fenomen (dei uttalar det prænk). Men før alle fekk fjernsyn her i grenda, dreiv vi mykje med slike aktivitetar. Vi kalla det pretter eller spikk. Men det er kanskje ikkje rekna som korrekt norsk?

Svar

Det er ikkje noko gale med orda prette og spikk.

Dette er nokså utbreidde ord. Det finst òg mange andre ord for liknande lureri i norsk. Vi tek ein liten gjennomgang nedanfor.

Stykke og strek 

Strek og stykke er mykje nytta som andrelekk i samansetjingar:

  • apestrek, fantestrek, gapestrek, narrestrek, rampestrek, revestrek, skalkestrek, skøyarstrek ofl.
  • fantestykke, gapestykke, skjelmsstykke ofl.

Strek kan òg brukast åleine.

Desse to orda er dekkjande nok, men nokre av streka (eller strekane, kjønnet er valfritt) kan òg stå for lureri som ikkje har humoristisk siktemål. I verste fall kan det vera snakk om meinstrek med leie konsekvensar. (Merk forresten at strek og stykke kan vera positive òg, jf. ord som genistrek og meisterstykke.)

Smeit, fiff og fynte

Dette er ord som ikkje er like dekkjande alle stader. Smeit er lite utbreidd, og fiff (jf. fiffig) har meir eller mindre mista den aktuelle tydinga. Fynte har den rette tydinga i somme dialektar, men kan òg vise til andre løgne påfunn og fakter (jf. finte, som nok er same ordet).

Puss og pek

Puss og pek er velkjende ord i bokmål òg. Puds finst dessutan i dansk; det kjem frå mellomlågtysk pusse, putze. Bokmålsordboka forklarar det med ‘skøyerstrek’. Det heiter som kjent å spela nokon eit puss. Pek kan òg heite peik på nynorsk, men i denne tydinga er det faktisk vanlegast med monoftong, òg i dialektar der det heiter å peika eller peike. Bokmålsordboka forklarar pek med ‘puss, narrestrek’. Ein gjer nokon eit pek.

Spikk og prette – og å prette

Endeleg har vi prette og spikk, som er det tradisjonelle i mange dialektar for prank og practical joke. Klikkar du på spikk her, ser du at ordet er utbreidd i heile landet, frå flatbygdene på Austlandet, ned til Lista og heilt opp til Berlevåg i nord. Ei prette (pluss eit prett) er vel så utbreidd, jamvel om det ikkje står så eksplisitt i ordboka. Det finst òg eit ordtak med ordet: Den som gjer ei prette, kan vente ei prette att. Ein gjer altså nokon ei prette, men ein kan òg prette nokon (verb); det er notert både frå Nord-, Vest- og Midt-Noreg.

Det er så at spikk og prette òg kan ha ei vidare tyding, men dei dekkjer dei engelske orda heilt. Om de ikkje har noko betre å ta dykk til, kan de reint språkleg sett trygt halde fram med pretter i staden for pranks.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:18.01.2018 | Oppdatert:09.12.2022