Hokjønnsord på -ar i fleirtal (elvar, øyar) og hankjønnsord på -er (gonger, stader)

Eg har lært på skulen at hankjønnsord har -ar/-ane i fleirtal og hokjønnsord -er/-ene. Men eg har lagt merke til at mange ord i nynorsk bryt med dette mønsteret. Døme: stader og gonger og elvar og myrar. Det stemmer bra med talemålet mitt, men eg skjønar ikkje kva som er regelen.

Svar

Skuleregelen stemmer, men mange ord kan framleis ha «uregelrett» bøying. Det finst ikkje nokon regel som forklarer unntaka; ein er nøydd til å gjere seg kjend med dei orda det gjeld.

Difor har vi laga nokre lister der nesten alle orda av av denne typen er nemnde. Du kan hoppe til listene eller lese litt om bakgrunnen fyrst. For dei ekstra utolmodige har vi sett opp to kortlister rett nedanfor. 

Hokjønn -ar/-ane: alle ord på -ing (obligatorisk) pluss mellom anna desse einstavingsorda:

  • elv, hei, myr, vik, øy, øyr
  • helg, år, øks

Hankjønn -er/-ene: valfritt alle ord på -a og -nad pluss mellom anna desse einstavingsorda:

  • stad
  • gjest, kvist
  • gris, sau
  • rett (som i matretter, ikkje menneskerettar!)
  • gong, streng, veng
  • dregg, legg, rygg
  • benk
  • bekk, drikk/drykk, flekk, sekk
  • ven, (føre)mon
  • (med)lem(m)

Legg merke til at vi her berre snakkar om sterke hankjønns- og hokjønnsord, slike som har éi staving i ubunden form eintal (stad, øy). (Samansetningar med desse orda blir sjølvsagt bøygde på same vis som orda åleine: halvøyar, ryggsekker.

Historisk bakgrunn

Den bøyingsendinga som vitnar klårast om kva grammatisk kjønn (genus) eit ord har i norsk, er eintalsendinga (sola, hunden, landet). Fleirtalsendinga i hankjønn og hokjønn (-ar, -er) er ikkje heilt avhengig av genus. Samanhengen (i fleirtal) var endå mindre fast i gammalnorsk. Langt attende i språkhistora hadde vi noko dei kallar stammebøying eller stomnbøying. Til dømes var mange ord såkalla i-stomnar; og dei vart bøygde med -ir, som seinare vart til -er, same kva kjønn orda hadde. Ei stor undergruppe av hokjønnsorda var dei såkalla ō-stomnane; dei fekk ar-bøying. 

Då Ivar Aasen samla inn dialektprøver på 1800-talet, fann han dei gamle bøyingsmønstra i store delar av landet. I mange ord har bøyinga halde seg til no. 

Fram til 2012 var dei «uregelrette» formene hovudformer i nynorsken, det vil seia at dei var obligatoriske i læreboknormalen, men dei vart flittig nytta elles òg, for dei hadde godt grunnlag i bygdemåla. Det var dei vanlege formene i det vi kan kalla hovudstraumsnynorsken. Men i 2012 vart dei regelerette formene jamstilte, og i dag er brukssituasjonen noko uklår. Merk at den gamle bøyinga aldri har stått like sterkt i alle orda.

Hokjønnsord med -ar/-ane

Det finst eit obligatorisk unntak frå -er/-ene i fleirtal av hokjønnsord, nemleg alle ord på -ing. Dei skal bøyast som dronning i fleirtal: dronningar – dronningane

Dei orda som (valfritt) kan bøyast med -ar/-ane i fleirtal, mot hovudmønsteret, er ikkje mange. Vi grupperer dei fyrst etter forbokstaven:

brik (brikar)
elv (elvar)  erm (ermar)
gyger (gygrar)
hei (heiar)  helg (helgar)  herd (herdar)
kleiv (kleivar)  kvern (kvernar)
lever (levrar)
merr (merrar)  mjødm (mjødmar)  myr (myrar)  møy (møyar)
never (nevrar)
onder (ondrar)
reim (reimar)  rim (rimar)  rip (ripar)  røy (røyar)  røyr (røyrar)  røys (røysar)
seter (setrar)  sild (sildar)  spik (spikar)   
vik (vikar)
øks (øksar)  ørn (ørnar)  øy (øyar)   øyr (øyrar)
år (årar)

Om det blir lettare å hugse på den måten, kan ein dele gruppa inn etter tydingsområde. 

  • noko i landskapet: elv  hei  kleiv  myr  røys  vik  øy  øyr
  • dyr: gimmer  merr  røy  sild  ørn
  • menneske eller menneskeliknande skapningar: gyger  møy
  • noko i, på eller nær kroppen: erm  herd  lever  mjødm  røyr  år
  • ting knytte til tradisjonelt liv på garden eller i naturen: brik  kvern  never  onder  reim  rim  rip  seter  spik  spil   øks  år
  • anna: helg

Landskapsorda er kanskje dei viktigaste, for desse orda er like aktuelle no som før, og ein finn dei att i mange stadnamn.

Fleire ord før

Fram til 2012 hadde vi òg ein del ord med ein gammal j i fleirtal: fit (fitjar, no fet – feter), hes (hesjar, no berre heser), il (iljar, no berre iler), vid (vidjar, sjeldan; no berre svakt substantiv vidjevidjer). Før 1938 var det endå fleire ord i denne gruppa, mellom anna kløv (kløvjar) og skjel (skjeljar; no berre skjeler eller i inkjekjønn: skjel).

Bli ikkje overraska om du finn børar/byrdar, flisar, geilar, grindar, hindar, hitar, leinar, senar, sneisar, strindar eller svillar i eldre tekstar. Dette var rekna som korrekt før i tida.

Hankjønnsorda med -er/-ene

Vi ser her bort frå ord med omlyd i rota, som nagl – negler, fot – føter. Desse har obligatorisk -er/-ene.

Lånord på -a, som villa – villaer, sofa – sofaer treng vi heller ikkje ramse opp. Alle har valfritt -er/-ene

Det same gjeld ord på -nadsøknader – søknadene, lagnader, lovnader, månader osv. (Merk: tradisjonelt helst uttalt /søkna’/ – /søkna’ne/ osb., altså med stum d.)

Vi listar berre opp einstavingsorda. Dei vanlegaste er gonger og stader. Vi grupperer dei ut frå kva som kjem etter rotvokalen:

  • led (= ledd n.)   sed (seder og skikkar)  stad 
  • lem (på kroppen)  medlem
  • føremon  mon  ven
  • gris  
  • brest  gjest  kvist  lest (holmål)
  • let (farge)  lut (del)  rett (matrett)
  • vev
  • sau

(Vener, lemer, leter og (føre)moner kan òg skrivast venner, lemmer, letter og (føre)monner. Luter kan òg heita lotter.)

Om lag helvta har stomnutlyd på g eller k.

  • dregg  hegg  klegg  legg  nekk (reinskalv)  rygg  stegg  vegg
  • dreng  gong  sleng  sting  streng  veng
  • bekk  drikk/drykk  flekk  rykk  sekk
  • benk  skjenk
  • belg  svelg (slurk)
  • stilk
  • serk
  • veik (i lampe)  øyk 

(Drikker og venger kan vere vanskeleg å skilje frå fleirtal av hokjønnsorda drikke og vengje.)

Konsonantane g og k vart før i tida gjerne palataliserte til j og kj framfor ein fremre vokal som e; difor høyrer ein former som /bekkjer/ og /sekkjer/ i dialektane (oftast saman med /bekkjen/ og /sekkjen/ i eintal). Palatalisert uttale heng nøye saman med formene på -er/ene

Til slutt har vi nokre ibuar- og folkenamn: -bygger (t.d. selbygger), daneregder, håløygerkvener, rygersygner, teler, -værer (t.d. lomværer). Her kan òg dei mytologiske skapningane vaner nemnast. I eldre nynorsk høyrde òg døler til denne gruppa. (Eit par av namna, tele og dane, har tostavingsform i eintal.)

Fleire ord før

I eldre nynorsk kunne òg bjørn, høl (fl. høljar), kost (i tydingane ‘mat’, ‘val’), rev, lekk, løk (‘djup/stille bekk’) og veg bøyast med -er.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:08.06.2022 | Oppdatert:25.04.2024