Trilemma

Eg kom over ordet trilemma i ein avistekst. Ordet er brukt om ein situasjon der ein må velje mellom tre vonde. Er dette eit kurant ord i norsk, og kan -lemma brukast med andre talformer òg?

Svar

Det er ingenting formelt i vegen for å bruke trilemma på norsk.

Søk på nb.no og i andre tekstbasar syner at trilemma er brukt på norsk, t.d. her i ei bok utgitt i 1990:

Ordet står òg i Fremmedordbok av Dag Gundersen med definisjonen «valg mellom tre (oftest vanskelige eller ubehagelige) muligheter, jf. dilemma». Ordet er godt etablert i norsk filosofisk språkbruk.

Sjeldne framandord bør generelt berre brukast når det er grunn til å tru at dei vil bli forstått i målgruppa. For mange lesarar vil vel assosiasjonen til det kjende ordet dilemma vere nokså klår her, så det skulle gå greitt. 

Det er mogleg å lage samansetningar som tetralemma (4), pentalemma (5) og så vidare, men i dei fleste samanhengar vil vi nok rå ifrå å trekkje det så langt. Ein er med enklare ord i klemme (som i utgangspunktet = dilemma) mellom så og så mange val.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:24.04.2024