Tålmodighet på nynorsk

Kan eg «smørja meg med tålmodigheit» på nynorsk?

Svar

Nei, du må nok smørja deg med tolmod dersom du vil skriva i samsvar med rettskrivingsordbøkene og tradisjonen. Tolmod er med andre ord ei dygd.

Når nynorsken har ei såkalla kortavleiing som tyder det same som eit ord på -het, lagar vi ikkje heit-ord. Døme: samvit, rettferd og tolmod. Desse orda dekkjer samvittighet, rettferdighet og tålmodighet fullt ut. Denne regelen gjeld same kva som måtte vera utbreidd i dialektane.

Tolmod: utbreiing og uttale

Tolmod er eit ord som nynorsken har frå austnorsk og trøndersk (nynorsken var utbreidd på Austlandet og i Trøndelag før). Jamfør òg svensk tålamod.

Den vanlege uttalen på norsk er /tålmo/, men i nokre dialektar kan den opne o-en i fyrste stavinga òg bli uttalt ø. D-en er altså stum, men stumme d-ar kjem fram att føre -ig, så tolmodig blir uttalt /tålmodi(g)/.

Ikkje maskinomset frå bokmål!

Sjølv om tolmod dekkjer tålmodighet, blir nynorsken bokmålsprega på eit djupare plan dersom vi automatisk omset tålmodighet med tolmod alle stader. For det fyrste bør vi bruka adjektivet tolmodig der det høver, elles kan stilen bli for substantivisk. «Nå gjelder det å utvise tålmodighet» kan til dømes heita «No gjeld det å vera tolmodig(e)» på nynorsk. «Å visa tolmod» er ikkje godt.

Hugs å gje tol!

Men vi bør òg bruka faste uttrykk der vi kan, med eller utan substantiv. Vi har eit endå kortare substantiv enn tolmod, nemleg tol /tål/. Det tyder både tolmod, toleranse og toleevne. Lat oss sjå litt nærare på det ordet til slutt. Vi set opp forklaringar på bokmål, så dei som søkjer etter løysingar på omsetjingsproblem, lettare finn artikkelen:

ha/gje tol: ha/vise (litt) tålmodighet; finne seg i (å vente), holde ut, ta det med ro
døme: ho hadde ikkje tol til å venta; du får gje tol til i morgon; du bør ha meir tol med dei

ta med tol: ikke bekymre seg, ta med ro
døme: han tok livet med tol, same kva som skjedde

gje eller slå seg til tols: akseptere; resignere; finne seg til rette; roe seg
døme: ho måtte slå seg til tols med å ha ein utolig ektemann

Det same ordet finst og kan brukast på bokmål, i forma tål.

Mest dialektalt finn vi òg den verbale uttrykksmåten å tola seg (fortid: tolte seg). I det tidlegare Hordaland fylke har ein òg varianten tolma seg: «No får du tolma deg litt!» Det kjem nok av tolmøda /tålmøa/, som har hatt større utbreiing.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:15.01.2023 | Oppdatert:07.02.2023