Elsparkesykkel?

Kvifor kallast ein elektrisk ståsykkel eller ståmoped elsparkesykkel? Framdriftsmåten er definitivt ikkje sparking. Kan Språkrådet rydde opp?

Svar

Ståsykkel og ståmoped er gode og råkande ord, men elsparkesykkel har i praksis vunne.

Hovudframdriftsmåten for sparkesyklar er sparking, og ein skulle kanskje venta at det same var eit krav til noko som heiter elsparkesykkel. Men utgangspunktet for elsparkesykkel er heilskapen sparkesykkel, med utsjånad og bruksområde i fokus. Det er ikkje umogleg å laga nye ord på den måten; til dømes lagar vi nye ord med -moped utan omsyn til om tingen som ordet viser til, har pedalar (som er det -ped opphavleg står for).

Vi kan nemna at tilsvarande ord er i bruk i andre språk, mellom anna i svensk (elsparkcykel) dansk (el-løbehjul) og islandsk (rafhlaupahjól). Også i mange norske dialektar heiter sparkesykkel løpehjul, så ein må rekna med å lesa elløpehjul i lokalavisene (eventuelt el-løpehjul, med ein pedagogisk bindestrek).

Ordet elsparkesykkel har vorte ettertrykkeleg innarbeidd på kort tid, og det har til og med kome i ordbøkene. Språkrådet kjem ikkje til å gå inn for eit alternativ no. Det er elles Statens vegvesen som har definisjonsmakta her.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:19.07.2021 | Oppdatert:26.04.2024