Og, og å eller og for å?

Kva er rett?

Ho drog heim for å eta og kvila.
Ho drog heim for å eta og å kvila.
Ho drog heim (både) for å eta og for å kvila. 

Svar

Alt dette er grammatisk rett. Her er det berre å bruka språkkjensla.

Vel det som verkar mest praktisk og samstundes får fram den nyansen har i tankane.

Den siste varianten høver dersom ein vil understreka at nokon har to sjølvstendige føremål. Det er mest aktuelt der handling nummer to er noko heilt for seg sjølv og er formulert med fleire eller færre ord enn handling nummer ein. Ekstremt døme: «… for å sjå etter om mannen hadde stått opp, og for å eta middag».

Den andre varianten svarar til /for å eta å å sova/ i talemålet. Han fell kanskje mellom to stolar. Den fyrste varianten er oftast dekkjande. 

Det viktigaste er at du ikkje skriv *å eta å kvila, sjølv om det er det du seier. Det vi har føre den siste infinitiven her, er ikkje infinitivsmerket å, men bindeordet (konjunksjonen) og, uttalt /å/. Dette og-et samordnar to infinitivar under eitt infinitivsmerke. 

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:08.06.2023 | Oppdatert:02.03.2024