Konto og saldo i fleirtal

Kva heiter konto og saldo i fleirtal?

Svar

Konto er eit hankjønnsord som trygt kan bøyast på vanleg måte i fleirtal: 

nynorsk: fleire kontoar – alle kontoane
bokmål: flere kontoer  alle kontoene 

Dette er den vanlegaste bøyinga, som gjerne har blitt tilrådd. Det er òg mogleg å bruke den opphavlege italienske fleirtalsendinga -i, slik:

nynorsk: fleire konti – alle kontiane
bokmål: flere konti  alle kontiene

Den er mest brukt i ubunden form (etter fleire ovanfor), der den ikkje kolliderer med den norske endinga. (Kontiane er nesten ikkje brukt på nynorsk.)

Saldo kan ikkje bøyast med i, men berre regelrett:

nynorsk: fleire saldoar – alle saldoane
bokmål: flere saldoer  alle saldoene

Forma saldi har funnest, og danske ordbøker nemner gjerne denne forma. Men allereie Norsk Riksmålsordbok frå 1947 gjev berre opp saldoer

Det finst forresten ingen regel som omfattar alle italienske lånord på -o- Til dømes kan risiko berre heita risikoar (bokmål risikoer) i ubunden form fleirtal. Ein må altså slå opp i ordboka om ein er i tvil.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:05.02.2022 | Oppdatert:23.04.2024