Brenne opp eller brenne ned?

Eg høyrde nyleg Dagsrevyen melde at eit juletre brann ned, og i VG stod det ein dag at ein tysk turistbuss brann ned. Eg ville valt opp. Kva er regelen her?

Svar

Dei burde valt opp eller berre brann.

Større ting som står fast og dessutan er lågare etter ein brann, kan brenne ned (jf. «ligg i oske», «brann til grunnen»). Bygningar er det mest typiske dømet. Dessutan seier ein tradisjonelt om bål at dei brenn ned.

Mange ting som brenn ned, går samstundes opp i logar (flammar), så dei brenn for så vidt òg opp. Mindre ting brenn helst berre opp (særleg dersom dei forsvinn i brannen).

Ting på hjul med metallskrog som korkje forsvinn heilt opp eller sig ned, er i ei gråsone. Særleg brenne ned verkar rart. Det er betre å skrive at bilen brann opp, sjølv om oppbrenninga ikkje er fullstendig. Det same gjeld juletreet du refererer til, om det då ikkje var på rot og det stod att ein stuv. I partisipp kan vi elles seie at ein bil eller buss er utbrunnen eller utbrend.

Vi trur det kan vere ein aukande bruk av ned i norsk på grunn av engelsk, for burn down har større bruksområde i engelsk enn brenne ned har i norsk.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:18.04.2024