Uttalen av skyr

Korleis uttaler ein namnet på det islandske mjølkeproduktet skyr på islandsk og på norsk? Skal ein uttala det som presensforma skyr (av å sky) på norsk, med sj-lyd?

Svar

På islandsk uttalar dei ikkje skyr med sj-lyd eller kj-lyd. 

Dei uttalar det med ein (litt tjukk) s + ein hard k med ei aning av eit j-slag etter.

Bokstaven ý blir på islandsk uttalt som ein lang norsk i. Men y utan aksent, som i skyr, er noko anna. Det ein mellomting mellom i og e. Uttalen /sjyr/ er dermed heilt uislandsk. Islandsk uttale minner meir om /skér/ for eit norsk øyra. Men det er altså ikkje heilt rett, det heller.

Det er naturlegvis rett å uttala skyr på islandsk vis på norsk, men det er ikkje realistisk at alle nordmenn skal greia det – eller oppfatta det rett for den del. Ein må nok godta den strengt teke ravgalne bokstavuttalen /skyr/.

Det same ordet (gammalnorsk skyr) heiter på moderne norsk skjør (uttalt /sjør/), men det har ei anna tyding. Ein kunne i prinsippet ha kalla skyr islandsk skjør, men det ville vore tungvint.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:24.11.2022 | Oppdatert:24.04.2024