Rafting

Er rafting eigentleg eit norsk eller engelsk ord?

Svar

Vi har det frå engelsk, som har det frå norsk i ei anna tyding.

A raft på engelsk er ‘ein flåte’. Verbet to raft tyder ‘å transportera på flåte’ og ‘å fløyta (tømmer)’

Til verbet høyrer verbalsubstantivet rafting, som tyder ‘flåteritt på elv’. Vi har lånt rafting og to raft (å rafte) frå engelsk.

Men i vikingtida lånte engelskmennene substantivet raft frå norrønt, der det heitte raftr eller raptr. Tydinga var då ‘stokk’ eller ‘raft’. Raft i nynorsk har mange tydingar; dei fleste krinsar om konstruksjon av tak og vegg.

 

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:21.12.2022 | Oppdatert:02.03.2024