Den amerikanske uavhengighetserklæringen på nynorsk

Kva heiter «den amerikanske selvstendighetserklæringen» på nynorsk? Skal det vere stor forbokstav i «den»?

Svar

Det heiter tradisjonelt den amerikanske sjølvstendefråsegna.

Det er òg mogleg å skrive den amerikanske sjølvstendeerklæringa (brukt i trykt tekst sidan 1974). Sjølvstendekunngjering og sjølvstendelysing er like gode ord, men dei har vorte lite nytta i denne nemninga.

Det skal vere liten forbokstav, som du ser.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:15.05.2021 | Oppdatert:15.04.2024