Befolkning på nynorsk

Kva heiter befolkning og befolkningseksplosjon på nynorsk?

Svar

Du kan velje mellom befolkning og folkesetnad. Du kan ev. nytta befolkning berre der ikkje noko anna fungerer. Eksplosjon kan brukast som på bokmål, men vurder gjerne andre ord.

I litt tekniske samanhengar er det ofte best å velja befolkning eller folkesetnad, til dømes endringar i befolkninga/folkesetnaden.

I andre samanhengar kan det ofte vere vel så bra å bruke berre folk eller folket, til dømes: motstand i befolkningen: motstand blant folk (på staden). Men ikkje bruk det ukritisk, for då kan tydinga lett bli ei heilt anna.

Bruk gjerne meir spesifikke ord der det høver. Her er nokre døme på nyansering frå Magne Rommetveits synonymordbok Med andre ord:

verdens befolkning menneska på jorda
fengselsbefolkningen fangane, dei innsette
kystbefolkningen kystbuarane, strandbuarane
landbruksbefolkningen bøndene, gardbrukarane, dei som lever av jorda
lokalbefolkningen folket på staden, bygdefolket, byfolket
sivilbefolkningen dei sivile, sivilfolket

Samansetningar

Om du ikkje vel befolkning, finst det fleire alternativ til befolkningseksplosjon, som brå/sterk/eksplosiv folkeauke eller folkesetnadseksplosjon.

Til slutt eit utval andre samansetningar med alternativ (frå Med andre ord):

befolkningskonsentrasjon tett folkesetnad/busetnad; tettbyde område, tettstader
befolkningskontroll kontroll av folketilveksten, fødselsregulering, (ofte:) familieplanlegging
befolkningsmengde folkemengd, folketal
befolkningspress folkevekstpress
befolkningsproblem folkesetnadsproblem, overfolkingsproblem
befolkningsprognose folketalsprognose
befolkningssammensetning folkesetnadsmønster (ofte: aldersfordeling)
befolkningstetthet folketettleik; landet har stor befolkningstetthet er tettfolka, er tett folkesett, har tett busetnad
befolkningsunderlag folketalet (som trengst)
befolkningsutvikling endring i folkesetnaden

Merk særleg:

befolkningsvekst folkeauke, folketilvekst
befolkningsøkning folkeauke

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:18.04.2017 | Oppdatert:19.04.2024