Kolli

Kva er eintalsforma av kolli?

Svar

Det heiter kolli i eintal òg.

Det er eit inkjekjønnsord på både nynorsk og bokmål.

Bøyinga er slik:

nynorsk: (eit) kolli – (dette) kolliet – (fleire) kolli – (alle) kollia
bokmål: (et) kolli – (dette) kolliet – (flere) kolli/kollier – (alle) kollia/kolliene

Ordet kjem frå italiensk og er eigentleg fleirtal av collo ‘pakke’ (med den tidlegare tydinga ‘nakkebør’).

Eintal kolli har vi hatt heilt sidan 1800-talet, men i somme miljø har ein nok brukt kollo.

Grunnen til at fleirtalsforma vart til eintalsform i norsk, er truleg at dei som handterte gods, oftare snakka om pakkane i fleirtal. Eit liknande fenomen kjenner vi frå engelske lånord som til dømes dropstips, tanks, pins, kaps og kjeks (jf. cakes) – her er fleirtals-s-en bakt inn i norsk eintal.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:18.04.2024