Mykje vêr / mye vær

Eg høyrer no støtt at det er mykje vêr (eller på bokmål: mye vær) der eller der. Er dette rett ordbruk?

Svar

Ja, i og for seg, men oftast finst det betre alternativ.

Vêr kan tyda både vêr generelt og (vind og) uvêr særskilt, sjå tyding 3 i Norsk Ordbok og tyding 2 i Det Norske Akademis ordbok

På reint formelt grunnlag må ein difor seia at ordbruken er korrekt, med teoretisk grunnlag i tradisjonell norsk. Men når ein ser etter i avisbasar og andre tekstkorpus, kan ein få mistanke om at det verkelege grunnlaget ikkje er tradisjonen. Uttrykket mykje vêr spreier seg på kostnad av dei gode uttrykka mykje uvêr og skiftande vêr frå midt i 1980-åra. Dei eldste belegga er frå ei norskamerikansk avis i krigsåra.

Det er likevel uråd å rå ifrå all bruk av uttrykket. Den nyare varianten høver godt som statistisk omgrep om eit vêrlag med mykje vind og væte og i tillegg mange eller bråe vêrskifte.

Fleire som skriv til oss, er irriterte over at det har gått inflasjon i den sjargongprega omtalen av uspesifisert vêr og meiner at ein bør vera meir presis. Det kan vera noko i det. Om ein ikkje viser til eit samansett fenomen av det slaget som er nemnt ovanfor, kan ein heller seia uvêr, ruskevêr eller skiftande vêr.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:01.03.2018 | Oppdatert:15.04.2024