Ordet «suvl» og forma «sovvel»

I boka Viddens herrer av Jacob B. Bull kom eg over ordet sovvel. Eg finn ikkje dette i ordbøkene. Kva tyder det?

Svar

Det heiter etter rettskrivinga suvl eller sul. Det viser oftast til feit mat som kjøt, fisk, ost og smør, i motsetnad til kornprodukt.

Ordet har normert form suvl eller sul, jamfør artikkelen suvl i Nynorskordboka. Her er det oppgjeve to tydingar:

1 feit, kraftig mat (til å ete attåt suppe, graut, brød og liknande)
2 (sur)mjølk til graut eller brød

Norsk Ordbok har ein lengre artikkel om suvl, med fleire tydingar. Her finn ein òg målføreforma sovvel, som er registrert i fleire område både i Sør-Noreg og i Nord-Noreg. På Austlandet heiter det fleire stader sugl eller sugel, som i Husmannsvisa.

Ordet har vore viktig, for suvlet (i tyding 1) kosta etter måten meir før enn no. Det var råflott å eta suvlet bert.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:16.04.2024