17 mai eller 17. mai med punktum?

Eg meiner å hugse at ein tidlegare kunne sløyfe punktum etter talet for dagen i månaden når månaden var skriven med bokstavar. Korleis er regelen no, heiter det berre 17. mai og 24. desember?

Svar

Ja, i dag er det obligatorisk å skrive 17. mai og 24. desember med punktum.

I ein periode var det høve til å sløyfe punktumet i datoar, men i 1998 vedtok Norsk språkråd at punktumet skulle setjast inn att.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:19.04.2024