Skada eller skadd, lada eller ladd på nynorsk?

Kva heiter lade og skade i perfektum partisipp på nynorsk? Børsa var l___, men eg vart ikkje sk____.

Svar

Tradisjonelt heiter det ladd og skadd, men skada og lada vart teke inn og jamstilt i 2012.

Variantane skada og lada er ubøyelege. Skadd og ladd kan ein la vere å bøye dersom ein ikkje samsvarsbøyer svake verb elles. Men brukar ein samsvarsbøying, må ein skrive slik:

han/ho er skadd
det er skadd eller skadt
dei er skadde

pistolen/børsa er ladd
geværet/batteriet er ladd eller ladt
batteria er ladde

Det same gjeld etter andre former av hjelpeverb (var, blir, blei, vart osb.).

Om ein skriv skadd og ladd etter det tradisjonelle mønsteret, må ein bøye orda som e-verb heile vegen, slik:

å skada/skade – skader – skadde – har skadd (eller skadt)
å lada/lade – lader – ladde – har ladd (eller ladt)

Til slutt må vi nemne stuttformene å ska og å la. Dei har i mange hundre år vore dei naturlege talemålsformene i dei fleste dialektane rundt omkring i landet. Ein grunn til at dei er lite nytta i skrift no, er truleg at presens skar og lar minner om former av andre verb, men hovudgrunnen er nok bokmålspåverknad og nyare skriftuttale av skade og lade med d-lyd. Ein kan rekne å ska og å la som uttalevariantar av skade og lade (med stum d), men ein kan altså òg bruke dei i skrift.

Ein nær parallell er forresten å spa, som er lett å bøye: jorda er spadd, potetene vart spadde opp

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:17.09.2021 | Oppdatert:24.02.2024