Den truande faren = far som trur, eller far(e) som tru(g)ar?

På bokmål er det skilnad på

1) den troende faren og
2) den truende faren

Må begge delar heite den truande faren på nynorsk? Og kjem ein tru(g)ande far med truslar eller trugsmål?

Svar

Nei. Ein kan framleis skilje mellom

1) den truande faren (= som trur) og
2) den trugande faren (= som trugar)

– jamvel om ein kanskje uttaler trugande og truande likt.

Det gjeld altså presens partisipp av desse to orda:

1) å tru – trur – trudde
presens partisipp: truande

2) å truge – trugar – truga
presens partisipp: trugande

Sidan 1977 har det vore valfritt å skrive

2)  å true – truar – trua
presens partisipp: truande

Vel du det, må du òg skrive truande, som blir tvitydig. Det

Lydrett?

Somme kvir seg for å skrive denne g-en fordi dei ikkje har han i uttalen. Men dei fleste uttaler heller ikkje g-en i til dømes haug eller allmuge, og mange uttaler eg, meg, deg og så vidare utan g. Truande for trugande er altså ikkje ei form ein er nøydd til å nytte for talemålet si skuld.

Tydingsskilje

Hos dei som sløyfar g-en, kan den truande faren tyde:

1) faren som trur

2 a) faren som tru(g)ar (ein far)
2 b) faren som tru(g)ar (ein fare)

Men ein kan framleis skilje slik: 

1) den truande faren

2 a) den trugande faren
2 b) den trugande faren (eldre nynorsk: fåren)

Bokmål har dette (for dei som skriv å tro, ikkje tru):

1) den troende faren

2 a) den truende faren
2 b) den truende faren

Trugsmålet, trugsla/trugselen og trusselen

Det å truga heter trussel eller trugsel, eller trugsmål, som har vore det vanlegaste på nynorsk. I ordboka frå 1873 skreiv Ivar Aasen:

Med «mindre rigtigt» meinte han at ordet helst var teke opp frå dansk i denne forma (trussel). Trugsmål stemte derimot med svensk. 

 I avisverda har trussel vorte eit trugsmål eller ein trussel mot trugsmål:

(N-gramtenesta, nb.no.)

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:06.01.2020 | Oppdatert:25.04.2024