Spaniar eller spanjol?

Eg har registrert at spaniar (på bokmål spanier) er ei form som spreier seg. Har ein framleis lov til å nytte forma spanjol?

Svar

Begge formene kan nyttast, det er valfritt etter rettskrivingsordbøkene og har vore det i lang tid.

Det kan nok stemme at spaniar har blitt vanlegare i det siste, men spanjol er slett ikkje ute, tvert om har denne forma styrkt seg lenge. På 1800-talet var spanier vanlegast i det dansk-norske skriftmålet, men vi finn òg ein del spaniol

Tidlegare var òg forma spanjor i bruk. I ordboka over norsk folkemål frå 1850 har Ivar Aasen med spanjor (som forresten er det vanlege på svensk), og han forklarer det på dansk med spanier.

dansk skal spaniol ha vorte «lavsocialt» og gammaldags og vissnok nedsetjande.

I fleire tiår skulle spaniar (bokmål spanier) skrivast spanjar (spanjer).

Her er utviklinga i eit korpus hjå Nasjonalbiblioteket (boksøk):

 

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:16.04.2024