Forårsake på nynorsk

Kva heiter forårsake på nynorsk? Eg ser at somme skriv føresake, men det har eg aldri høyrt før.

Svar

Føresake må ein ikkje finne på å skrive. Det har inga rot i nynorsk. Sjå løysingane på listene nedanfor.

Nynorskordboka har faktisk teke inn forårsake (godkjent i år 2000), men det har vore lite brukt i nynorsk før. Det er naturlegvis mykje betre enn føresake, men det har ikkje rot i norsk folkemål, som er det nynorsken er bygd på historisk. (Andre årsaksformuleringar som er lite brukte i nynorsken og dialektane, er avstedkomme, foranledige, forvolde og frambringe. Desse orda står ikkje i Nynorskordboka.)

Vi bør sjå oss om etter betre alternativ når vi skriv nynorsk. Vi trekkjer fram dei viktigaste nedanfor.

X HAR FORÅRSAKET Y
er/var årsak til
er grunnen til
er opphavet til
har gitt opphav til

Av og til høver det enkle gjere:

har gjort at

Ikkje gløym meir spesifikke uttrykksmåtar:

X HAR FORÅRSAKET STORE ØDELEGGELSER
har gjort/valda stor skade

Det passive motstykket er ofte lett å skrive om:

Y ER FORÅRSAKET AV X
kjem av
skriv seg frå
er ei følgje av

Ikkje ver bunden av ordfølgja ovanfor. Løysingane under «X har …» kan ofte brukast under «Y er … » og omvendt. Berre pass på at det blir logisk.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:10.01.2023 | Oppdatert:24.02.2024