Dedisere, dedikere, dedikert

Kva er skilnaden på å dedisere og å dedikere? Og kva er det å vere dedikert?

Svar

Å dedisere og ein dedikasjon (om bøker)

Å dedisere er det eldste av dei to verba i norsk. Til dette verbet høyrer eit substantiv med -k-: ein dedikasjon.

Å dedisere tyder fyrst og fremst å tileigne eit verk til nokon. På ei særskild side framme i ei bok kan det stå trykt til dømes «Til minne om mor mi». Dette er altså ein dedikasjon. Ordet kan òg brukast om handskrivne helsingar i boka: «Til Kåre frå forfattaren». 

Å dedikere (om litt av kvart)

Å dedikere fekk vi i åttiåra inn som eit dataord frå engelsk dedicate med tydinga ‘lage for, tilpasse, reservere for ein viss bruk/brukar’, som i: «Datasystemet er spesielt dedikert behova i etaten». Det blir no brukt i vidare tydingar som setje av tiløyremerkje for.

Begge verba går attende til latin dedicare med tydingane ‘innvie, tileigne’.

Dedikere er no i ferd med å stele tydinga til dedisere (brukt om bøker og andre verk). Det er ikkje så rart, for dedicate har denne tydinga i engelsk, og substantivet dedikasjon byggjer ei bru frå dedisere med s til dedikere med k.

Men orda bør skiljast åt i norsk.

Å vere dedikert (om folk)

Etter tusenårsskiftet blir dessutan adjektivet dedikert nytta mykje etter engelsk mønster om folk som brenn for noko eller nokon, mellom anna om ihuga og trugne tilhengarar av ymse slag. Ein kan dessutan snakke om å dedikere seg til noko, altså engasjere seg ivie seg til eller gå heilt opp i ei sak eller eit emne.

Til slutt resultatet av eit søk i aviskjelder:

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:20.12.2016 | Oppdatert:20.05.2024