Røynd og røyndom

Kva er skilnaden på desse to orda?

Svar

Røyndomen er det same som røynda i den vanlegaste tydinga av det siste ordet. Det er eigentleg ingen tydingsskilnad. Begge delar svarer til virkeligheten på bokmål.

Dei to substantiva kan ofte brukast om einannan, men dei har òg ulike bruksmåtar. Hovudskilnaden er denne: Røynd er vanlegare i faste uttrykk (som i røynda), medan røyndom dominerer i samansetningar (som røyndomsnær).

Sjå meir i Norsk Ordbok

Dei to orda kan seiast å stø opp under eit empiristisk syn på verda. Dei er knytte til verbet å røyna ‘erfara; prøva’ og substantivet røynsle ‘erfaring’. 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:25.05.2023 | Oppdatert:19.04.2024