Den vanlegaste nynorskfeilen: presens st-passiv

Kva er den vanlegaste feilen nynorskbrukarar gjer?

Svar

Galen bruk av presens passiv er ein sterk kandidat. Presens passiv med -ast har vorte svært vanleg i den seinare tid.

Når vi skal omsetja bokmålssetningane

«Arbeidet utføres umiddelbart» og «Sofa gis bort»

til nynorsk, kan vi ikkje omsetja passivane til «utførast» og «gjevast». Utførast og gjevast er berre infinitiv passiv på nynorsk; det vil seia at formene berre skal brukast etter hjelpeverb som skal og  og kan. Det finst ikkje særskilde presensformer *utførest eller *gjevst som kan brukast fritt.

Legg merke til at den fyrste bokmålssetninga er tvitydig. Er det ei skildring eller eit påbod? Det må vi vita før vi omset.

Er det ei skildring, må vi på nynorsk bruka bli/verta + partisipp av verbet:

«Arbeidet blir/vert utført straks» (eller gjerne: gjort)

Er det er eit påbod, må vi bruka hjelpeverb + infintiv passiv (på -ast): 

«Arbeidet skal/må utførast straks» (eller gjerne: gjerast)

Den andre setninga kan vi saktens omsetja til «Sofa blir/vert gjeven/gitt» bort, men kvifor ikkje bruka aktiv? 

«Vi gjev/gir bort ein flott sofa!»

Meir om dette emnet finn du på nettsidene våre under overskrifta «Aktiv og passiv».

Til slutt må vi nemna at det ikkje alltid er gale med -st i presens. Det finst ei rekkje st-verb i nynorsk, og somme av dei har passiv tyding. I presens endar dei anten på -ast, -est eller berre -st.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:09.06.2023 | Oppdatert:25.04.2024