Sjølve på nynorsk – rett og galen bruk
Læraren hevdar at sjølv og sjølve er heilt valfrie former på nynorsk, men det kan vel ikkje stemme?
Nei, det stemmer berre i fleirtal. Det heiter
eg sjølv
du sjølv
han/ho sjølv
vi sjølv(e)
de sjølv(e)
dei sjølv(e)
Døme:
Eg gjer det sjølv – Vi gjer det sjølv(e)
Du gjer det sjølv – De gjer det sjølv(e)
Han/ho gjer det sjølv – Dei gjer det sjølv(e)
Hankjønnsord og hokjønnsord i eintal går som han/ho: mannen sjølv, kvinna sjølv.
Det same gjeld ordet det og alle inkjekjønnsord: det sjølv (t.d. dyret sjølv, departementet sjølv).
I fleirtal: mennene, kvinnene, dyra, departementa sjølv(e).
E-en ovanfor er altså ein fleirtals-e.
Det er vanleg i uttale av nynorsk å sløyfe v-en dersom ein ikkje har v i dialekten. Men i føresett sjølve (sjå nedanfor) bør v-en vere med.
Eit anna sjølve føre substantiv (= selve)
Forma sjølve er obligatorisk når ordet står føre eit substantiv slik: sjølve jenta, sjølve departementet. Det svarer til selve på bokmål. Eintal og fleirtal har ikkje noko å seie her.
Eit anna sjølv (= til og med)
Ein annan bruksmåte er den adverbielle. Døme: «Sjølv norsklærarar kan rote med bøyinga av sjølv.» Merk: Her finst det inga fleirtalsform med -e!
I «klassisk» nynorsk brukar ein ofte «jamvel», «til og med» eller noko anna i staden for adverbet sjølv.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).