Mosebok og forbokstav

I ein artikkel i Språknytt skriv de om «mosebøkene» med liten m, og likeins om kvar «mosebok», men Bibelselskapet opererer med t.d. «Første Mosebok» og «1 Mos». Korleis heng dette på greip? De skriv elles at uttalen ikkje er «hogd i stein», men uttale er jo ikke skrift. Her må de rydda opp både i forbokstavar og metaforbruk!

Svar

Steinmetaforen er nok meint som skjemt (jf. Moses og steintavlene); han viser til uttaleregelen, ikkje til sjølve lyden. Når det gjeld skrivemåten, må vi vedgå at den heller ikkje er hoggen i stein. Det finst ikkje ei fast norm på dette punktet. 

Du har sjølv sett kva Nettbibelen opererer med. Boka Skriveregler av Finn-Erik Vinje seier det same, at det skal vera stor forbokstav i religiøse skrifter: Bibelen, Skriften, Den hellige skrift, Det gamle testamentet, Fjerde Mosebok, Koranen, Talmud, Toraen». (I motsetnad til hos Bibelselskapet er forkortinga 1. Mos. med punktum.)

Men Bokmålsordboka og Nynorskordboka har (per 31.12.2021) liten f i talet og valfri M/m i hovudordet: første mosebok/Mosebok (og 1. mos. eller Mos.).

Ser vi på skrifttradisjonen, går det fram at liten f var det vanlegaste lenge, medan stor M har vore einerådande heile tida.

Den litle m-en har stønad i ordbøkene og hos Knud Knudsen og i den tanken at dei fem tekstane utgjer ein kategori med fem medlemmer, ein boktype, så å seia. Men denne logiske tanken støyter mot prinsippet om at kvar religiøse tekst skal ha stor forbokstav. Det verkar dessutan rart å ikkje handtera dei ulike skriftene i Bibelen likt. 

Dersom vi i staden tek utgangspunkt i at tekstane er fem ulike «bøker» med kvar sin tittel, er den store forbokstaven sjølvskriven – men kvar, fyrst og fremst? I talet eller i sjølve ordet mosebok/Mosebok? Det er ikkje godt å seia. To store forbokstavar er i strid med hovudregelen for namn. Men det finst tydelege unnatak frå hovudregelen, som Øvre Slottsgate. Det er altså ikkje avgjerande at det ikkje finst noko sjølvstendig Slottsgata eller Moseboka med stor S eller M.

Når det gjeld talet (første osb.), er ein sjølvsagt van med å sjå stor forbokstav i innhaldslista og i tittelen over sjølve teksten, og der kan det ikkje vera annleis. Det følgjer ikkje av dette at det må vera stor forbokstav i brødteksten. 

Vi kan diverre ikkje seia sikkert når det eventuelt blir rydda opp i skrivemåtane for dei religiøse skriftene. Kanskje må høgare makter gripa inn. 

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:04.02.2022 | Oppdatert:18.04.2024