Rettleiing og veiledning

I den seinare tid har orda vegleiing og vegleiar dukka opp i stadig fleire dokument på nynorsk. Dette er vel eit forsøk på å «nynorskifisere» bokmålsorda veiledning og veileder?

Svar

Ja, på nynorsk har det alltid heitt rettleiing og rettleiar.

Allereie «bokmålets far», Knud Knudsen, slo på 1800-talet fast at å rettleia var det norske ordet for at vejlede. Rett nok har vegleiing alltid funnest (òg i tydinga vegleia seg ‘finna veg’), men det er rettleiing som i det store og heile har vore ekvivalenten (nynorskmotstykket) til veiledning.

Sensitivitet 

Det er tidstypisk å vera var for alt som kan tolkast negativt eller strengt i visse samanhengar. Det går ut over rettleiinga. Fleire som driv med rettleiing, har skrive til oss og fortalt at dei er redde for leddet rett-, for det verkar meir bombastisk enn veg. (At veg oftast er noko fastlagt, ser merkeleg nok ikkje ut til å plaga nokon, eller at å lede, i motsetnad til å leie på bokmål, er å føra.)

Synonymiaversjon og overdriven analyse

Det som avgjer kva ei samansetning tyder, er brukstradisjonen til heile ordet. Det er ingen tvil om at dei to orda rettleia og veilede har vore ekvivalentar i kvar si målform. Dei har stort sett vist til same slags aktivitet.

Når synonym eller ekvivalentar frå ulike språk møtest, startar ein tolkings- og overtolkingsprosess. Tanken leiter etter skilnader mellom omgrepa, og somme språkbrukarar tek til å leggja meir i skilnadene enn det er dekning for frå før. Dei kan få rett til slutt. Det er litt som ein sjølvoppfyllande profeti.

Ein tenkt skilnad kan såleis gjennom bruk gje opphav til ein vesensskilnad, ofte ved å redusera bruksområdet for det eine ordet eller begge. Slik har mange gamle norske ord fått innsnevra tyding etter opptak i riksmål, til dømes trygd, som ein gong i tida dekte det meste på området ‘garanti, sikkerhet, forsikring’. 

Rettleiing på nynorsk kan bli påverka og innsnevra av korleis rettledning blir teke opp og plassert i høve til det eksisterande veiledning på bokmål.

Ei form for overtolking av samansette ord er å sjå på delane isolert og dvela ved konnotasjonane til kvart element (som heng saman med bruken av elementa i andre samanhengar). Ei slik dissekering kan gje interessant informasjon, men det er ikkje det same som ein definisjon. I dette tilfellet er leddet rett i rettleiing blitt overtolka samstundes som ein har sett bort frå at veiledning logisk sett inneheld eit element av rett (veg).

«Veiledning» må vera det motsette av villeiing

Eit alternativ til både bruksgransking og dissekering er å spørja kva målet med handlingane rettleiing/veiledning er.

Veiledning er ikkje leiing på kva veg som helst. Ordbog over det danske Sprog seier det slik under vejlede:

i egl. bet.: vise, lede ad ell. ind paa den rette vej» og «ved bistand, underretning, undervisning hjælpe (en uerfaren, ukyndig, uøvet) til rette. (ofte i forb. som vejlede (en) i et emne, til noget; om modsætn.-forb. m. vildlede s. d.)

Merk motsetnaden til vildlede. Inga «veiledning» som fortener namnet, kan vera villeiing. Betalt «veiledning» av det slaget er svindel. Det må vera eit krav til både rettleiing og «veiledning» at ein leier folk på noko ein i det minste trur kan vera rett veg. 

Av og til kan veiledning sikkert berre vera å hjelpa litt på veg, men i det store og heile er rettleiing og veiledning berre to måtar å uttrykkja det same på: å leia på rett veg. Kva som er eksplisitt uttrykt i samansetninga, er ikkje avgjerande.

Skrivemåtar 

Bokmål har valfritt veiledning eller rettleiing, medan korkje vegledning eller vegleiing står i Bokmålsordboka, trass i at veg og vei er valfrie former. Vegledning har rett nok vore nytta i skrift, men det er ein hybrid, som du er inne på. Når det gjeld nynorsken, er det ingen tvil om at vegleiing er i bruk, sjølv om det ikkje står i ordbøkene. Om ein ikkje vil høyra på rettleiinga i denne artikkelen, kan ingen hindra ein i å skriva vegleiing

Utvikling

Tilhøvet mellom dei to orda i aviskjelder (frå nb.no):

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:18.04.2017 | Oppdatert:18.04.2024