Eplekjekk

Kva er det eigentleg å vera eplekjekk, og kva er opphavet til ordet?

Svar

Ein som er eplekjekk, er i kjekkaste laget, anten så sunn, frisk eller kvikk at det er litt kvalmande, eller bråkjekk og freidig. Folk legg litt ulike ting i ordet. Leddet eple har truleg med friskleik å gjera (jf. eplefrisk).

Ordet er mykje brukt i skrift frå 1990-åra, men er kjent frå munnleg bruk tidlegare. I 1991 skreiv Arne Hjeltnes i A-magasinet:

Jeg foretrekker burgunderrøde NSB-tog i horisonten fremfor veier fulle av eplekjekke firehjulstrekkere med skiboks på taket.

Det kjem nokså sikkert av svensk äppelkäck, med synonymet äppelhurtig, som var eit nytt ord i svensk i 1950-åra. I boka Nyord i svenskan från 40-tal till 80-tal er äppelhurtig forklart som ‘hurtfrisk, överdrivet sund och käck’, og det er oppgitt at det høyrer heime i kvardagsspråket.

Nedanfor er resultatet av eit søk i eit korpus hos Nasjonalbiblioteket. Grafane viser berre tilhøvet mellom ordfrekvensane i materialet. Friskfyraktig er eit eldre nærsynonym.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:25.04.2024