Hermeteikn

Hermeteikn set vi kring ord og ordgrupper som skil seg ut frå den vanlege teksta. 

Form

Utsjånaden på hermeteikna varierer mykje. Fleire typar hermeteikn (med variantar) er vanlege i norsk, sjå punkta nedanfor. Det er ikkje fastsett offisielle reglar som seier kva type hermeteikn ein skal bruke, eller korleis teikna skal sjå ut, meir i detalj.

Doble vinklar (vinkelteikn):

«sitat»

Denne måten er vanleg i bøker og aviser, og mange dataprogram rettar automatisk til desse teikna. Vinkelspissane skal vende utover i norsk.

Først doble komma nede (føre sitatet) og så doble apostrofar oppe (etter sitatet):

„sitat“ eller „sitat”

Denne måten var vanleg på trykk fram til ca. 1900 og var òg lenge mykje brukt i handskrift, men er mindre vanleg no.

Doble komma (doble apostrofar) oppe (føre sitatet) og oppe (etter sitatet):

“sitat” eller ”sitat” eller "sitat"

Denne måten er vanleg når ein skriv med datamaskin, og den har engelsk førebilete.

Enkle hermeteikn (som i ‘sitat’ eller ’sitat’) har spesialiserte bruksmåtar, sjå dei siste to punkta om bruksmåtar nedanfor.

Bruksmåtar

Hermeteikn blir brukte føre og etter ordrette sitat:

Tittelen på artikkelen er «Fornavn i Norge gjennom 1000 år».

Hermeteikn blir brukte ved attgjeving av direkte tale og direkte tanke:

Faren spurde: «Kva kosta drosjeturen?»
«Galnare kan det ikkje bli!» tenkte ho.

Hermeteikn kan brukast kring namn på sjølvstendige kunstverk som bøker, filmar, musikkstykke, plater osv. og kring namn på båtar, bygningar o.l.:

Hamsuns «Segelfoss by»
Ho spela Agnes i «Brand».
premieren på «Istid 3»
Vi gjekk om bord i «Richard With» i Kristiansund.
kryssaren «Murmansk»

Her bruker ein  hermeteikn særleg for å gjere meininga tydelegare, t.d. ved lange titlar eller ved sekundær bruk av namn for å unngå forveksling.

Boktitlar markerer ein vanlegvis anten med hermeteikn rundt («Halvbroren») eller med kursiv (Halvbroren). Kortare tekster (artiklar, noveller, songar, dikt o.l.) står gjerne i hermeteikn («Til min Gyldenlak» av Wergeland). Namn på aviser og blad treng vanlegvis ikkje anna markering enn den store forbokstaven.

Hermeteikn kan brukast kring ord og uttrykk som er utanom det vanlege, som vi ikkje går god for sjølve, eller som vi bruker med atterhald eller ironisk:

Dette er «gefundenes fressen» for avisene.
Dette var «øye» godt!
Her har du «rydda» fint, ser det ut til.

Sitat inni eit sitat er det vanleg å markere med enkle hermeteikn:

Ho spurde: «Kven har sagt ’Terningen er kasta’?»

Hermeteikn kan brukast kring ord som står som språklege døme:

«Skrive» er eit sterkt verb.

Dersom vi i staden kursiverer ordet, kan hermeteikn brukast om tydinga:

verbet risse «skrive»

I meir fagleg samanheng bruker ein enkle hermeteikn for tydinga:

verbet risse ’skrive’

Hermeteikn og andre teikn

Skiljeteikn etter slutthermeteiknet: Ved sitat skal som hovudregel berre dei teikna som høyrer til sitatet, stå mellom hermeteikna.

Døme som følgjer denne regelen:

«Elevane skal ha tilgang til skolebibliotek», står det i opplæringslova.

«Eg kjem på fredag», sa han.

Kommaet skal altså stå etter hermeteiknet ved ordrett sitat og attgjeving av utsegn når ytringssetninga kjem etter det siterte.

På dette punktet var det ei regelendring i 2004. Tidlegare var regelen at kommaet skulle stå føre hermeteiknet i slike tilfelle.

Slik blir det også når ein byggjer sitatet inn i  den setninga ein sjølv skriv, som her:

At han sier «jeg vil ikke», er ikke noe å bry seg om.

Skiljeteikn føre slutthermeteiknet: Ved sitat og utsegner som ein avsluttar med eit utropsteikn eller spørjeteikn, skal dette teiknet stå føre slutthermeteiknet:

«Kom!» sa far.

«Kommer du?» sa far.

Også eit punktum skal stå føre slutthermeteiknet når det er slutten av setninga:

Ho sa: «I morgon reiser vi.»

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:03.03.2011 | Oppdatert:19.09.2023