Over 20 kuldegradar og liknande

Viser formuleringa «over 20 kuldegradar» til høgare eller lågare temperaturar enn 20 kuldegradar?

Svar

Det meteorologisk korrekte er å bruka over om høgare temperatur på både pluss- og minussida, altså varmare vêr.

Over svarer til varmare når vi tenkjer på 1 a, 2 og 3 nedanfor.

1 a) tal på plussida (høge tal: varmare)
1 b) tal på minussida (høge tal: kaldare)

2) «temperatur», som i uttrykket «høg temperatur»

3) høgare kvikksylvsøyle på gradestokken 

Alt dette går ut på det same – så nær som 1 b. Folk brukar over om høgare tal både på plussida (1 a) og på minussida (1 b).

Fagleg bruk: under = kaldare, over = varmare

På dei gamle gradestokkane med kvikksylvsøyle såg ein at kvikksylvet seig i kulde og steig i varme. Vi snakkar såleis om fallande og stigande temperaturar. I ei setning som temperaturen fell til under 20 kuldegradar ville dei færraste brukt over i staden.

Språkrådet rådførte seg med Meteorologisk institutt om denne saka for mange år sidan. Meteorologane stadfeste at dei brukar over og under som om dei las av ein gradestokk (jf. 3 ovanfor). Språkrådet rår til å bruka orda på den måten i skrift – og i tale når ein legg trykket på preposisjonane over/under.

Folkeleg bruk av over (med trykk på talet)

Likevel har det alltid vore vanleg å seia til dømes over 20 kuldegradar (med trykk på 20) om lågare temperatur enn talet viser til (jf. 1 b ovanfor). Det kan ikkje kallast gale. Det blir stort sett forstått rett, for det er jo sterk(are) kulde som er i fokus. Med ropeteikn etter er det nesten ikkje til å mistyda i skrift heller.

 

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:26.05.2023 | Oppdatert:24.02.2024