Best practice

Finst det eit norsk ord for best practice? Uttrykket viser til dei smartaste måtane å løyse eit problem på, særleg der ein ikkje har eit fast regelverk å følgje. Formålet er sjølvsagt at ein skal sleppe å gjere dei same feila som andre har gjort.

Svar

På ein måte har ordet alltid funnest på nynorsk: føredøme (= ‘eksempel til etterfølgelse’). To andre framlegg frå oss er bestepraksis og mønsterpraksis.

Mønsterpraksis blir nytta i somme offentlege etatar. Modellpraksis (modelpraksis) er i bruk på dansk; modell kan jo tyde ‘førebilete’.

Den som veit om best practice, kjenner utan vidare att bestepraksis. Det bør ikkje vere eit krav at eit norsk avløysarord svarer til det engelske ordet nærmast ledd for ledd, men det er jo inga ulempe heller.

Andre og litt meir omstendelege alternativ kan vere anbefalt/tilrådd framgangsmåte, den beste praksisen, eksemplarisk praksis, standard framgangsmåte eller – om ein ønskjer å framheve at praksisen byggjer på erfaring – erfaringsbasert eller røynslebasert praksis.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:24.02.2024